Sørbuktelva kraftverk
- Registreringsnummer
- 6607
- Saksnummer
- 201200155
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 18.12.2013
- Tiltakshaver
- STATSKOG SF
- Fylke
- Nordland
- Kommune
- Hemnes
- Vassdragsområde
- 155.C7
- Søkt produksjon
- 8,20 GWh
NVE gjev ikkje Statskog SF løyve til å bygge Sørbuktelva kraftverk i Hemnes kommune i Nordland. Avslaget er grunngjeve med negative konsekvensar for landskap, INON, friluftsliv og reindrift.
Sørbuktelva kraftverk ville gjere nytte av fallet mellom 770 moh og 380 moh i Sørbuktelva. Det var søkt om ein installert effekt på inntil 2,5 MW og kraftverket ville då gje ein årleg produksjon på omlag 8,2 GWh/år.
Dei viktigaste problemstillingane i saka er ulempene for landskap, INON, friluftsliv, reindrift, og til ein viss grad samla belasting. NVE meiner etablering av inntaket og røyrgate, saman med fråføring av vatn frå synlege fossefall, vil føre til uakseptable skadar på landskapsverdiar i eit høgfjellandskap, og at det ikkje står seg i forhold til den kraftmengda som skal produserast.
NVE meiner ei utbygging vil medføre ein betydeleg reduksjon av villmarksprega INON-områder av stor verdi. Dermed kjem også tiltaket i konflikt med OED sine retningslinjer for små vasskraftverk, særleg i samanheng med konsekvensane for friluftsliv og landskap.
NVE vurderer ulempene for allmenne og private interesser som større enn nytten. Dette er ulemper som NVE meiner ikkje kan reduserast tilstrekkeleg gjennom avbøtande tiltak. På bakgrunn av dette vert det ikkje løyve til Sørbuktelva kraftverk. NVE sitt syn er samanfallande med samtlege høyringspartar som har teke stilling i saka, mellom anna kommunen, Fylkesmannen, fylkeskommunen, Reindriftsforvaltinga og Sametinget.
På grunnlag av høg konfliktgrad meiner NVE at Sørbuktelva kan handsamast som ein eigen sak i forhold til dei ni andre sakene som blei send ut på høyring i Hemnes kommune.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 90 19 82 16
Avdelingsingeniør Henrik Langbråten, tlf. 22 95 94 18