Markenesdalen kraftverk

Registreringsnummer
6605
Saksnummer
201101338
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
Markenesdalen kraftverk SUS
Fylke
Troms
Kommune
Balsfjord
Vassdragsområde
198.42A0
Søkt produksjon
4,60 GWh

 

NVE har gjeve Tinfos AS løyve til Markenesdalen kraftverk i Balsfjord kommune i Troms. Kraftverket vil produsere omlag 4,6 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 230 husstandar. Samstundes avslår NVE søknaden frå Tinfos AS om Leirelva kraftverk.

 

 

Tre søknader i Balsfjord kommune blei sendt på høring samstundes for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadene. Søknaden om Potraselva kraftverk er trekt av søker etter synfaring, og NVE fattar no vedtak i dei to attverande søknadene.

 

NVE har lagt vekt på at Markenesdalen kraftverk isolert vil ha avgrensa konsekvensar for allmenne interesser. Den same konklusjonen gjeld når søknaden er vurdert opp mot samla belastning av kraftverksinngrep i Balsfjord. For Leirelva kraftverk sin del vil ei utbygging føre til fleire ulemper for allmenne interesser som samla overstiger fordelane ved tiltaket.