Kannsdalselva kraftverk
- Registreringsnummer
- 6422
- Saksnummer
- 201104454
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 21.10.2013
- Tiltakshaver
- SMÅKRAFT AS
- Fylke
- Møre og Romsdal
- Kommune
- Sunndal
- Vassdragsområde
- 109.4C
- Søkt produksjon
- 3,10 GWh
NVE avslår søknad frå Småkraft AS om løyve til bygging av Kannsdalselva kraftverk. Ei tilsvarande utnytting av sideelver til Usma var vurdert i samband med søknad om Usma kraftverk som blei avslått i 2007.
Småkraft AS har søkt om løyve til Kannsdalselva kraftverk, som er planlagt med ein forventa produksjon på omlag 3 GWh. Det planlagde kraftverket ville ha utnytta og fråført deler av restvassføringa til Usma på utbyggingsstrekninga for Usma kraftverk. NVE avslår søknaden utan at denne har vore på høyring, med den grunngjeving at søknaden vil ha nær identisk verknad på Usma som dei overføringane som blei avslått i 2007.
NVE la i behandlinga av Usma kraftverk vekt på at minstevassføringa i Usma måtte vere relativt stor, og at sideelvene ville bidra med ein viss variasjon i vassføringa på utbyggingsstrekninga, mellom anna av omsyn til friluftsinteresser. Ei overføring av to sideelver blei derfor avslått den gongen.
NVE vurderer at utbyggingsplanane ikkje er akseptable i forhold til allmenne interesser og gjev derfor ikkje løyve til bygging av Kannsdalselva kraftverk.