Settefiskanlegg Ølve Bruk AS
- Registreringsnummer
- 6341
- Saksnummer
- 201101958
- Overordnet sakstype
- Andre inngrep
- Sakstype
- Vannuttak
- Underordnet sakstype
- Overflatevann
- Formål
- Akvakultur
- Status
- Utgått/bortfalt
- Tiltakshaver
- ALSAKER FJORDBRUK AS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Kvinnherad
- Vassdragsområde
- 053.5B
NVE gjev Alsaker Fjordbruk AS løyve etter vassressurslova § 8 til regulering og uttak av vatn frå Kvitebergsvatnet i Kvinnherad kommune. NVE gir samtidig Alsaker Fjordbruk AS frist for å sørge for at anadrom fisk skal kunne passere inntaksdam innan 01.01.2018
Alsaker Fjordbruk AS har søkt om å ta ut vatn frå Kvitebergsvatnet til produksjonen av smolt. Det vert søkt om eit gjennomsnittleg vassuttak på 16 m3/min (270 l/s). Det vert og søkt om å regulere Kvitebergsvatnet 1,6 meter, mellom kote 9,5 (HRV) og kote 7,9 (LRV). Det er planlagt å sleppe ei minstevassføring på 70 l/s.
Dei største konfliktane med utbygginga er knytt til landskap og friluftsliv, kulturminne og biologisk mangfald. Omsynet til landskap og friluftsliv er vektlagt spesielt sidan tiltaket ligg i eit område som er mykje nytta til friluftsaktivitetar av lokalbefolkninga. NVE meiner at med ein tappestrategi der ein tek unna flaumtoppar, vil tiltaket ikkje føre til større ulemper knytt til for høg vasstand. NVE meiner at vasstandsvariasjonane ved ei regulering vil bli noko større enn dagens situasjon, men at desse variasjonane likevel er akseptabel for friluftsliv og andre brukarinteresser.
Verknad for kulturminner er tillagt vekt då området har ei rik historie frå nyare tid. NVE vurderer at utbygginga i liten grad vil påverke kjente kulturminneverdiar.
Tiltakets verknad for biologisk mangfald er også vektlagt. Det vandrar sjøaure og ål opp i vassdraget. NVE vurderer at dagens fiskesperre ved utløp av Kvitebergsvatnet, er til stor skade og ulempe for sjøaure og ål. NVE meiner at det er ein føresetnad at sjøaure og ål skal kunne passere dammen ved utløp av Kvitebergsvatnet. Dersom fiskesperra blir fjerna og det blir sleppt minstevassføring frå inntaksdam, meiner NVE at tiltaket vil få ein positiv effekt med tanke på sjøaure og ål. Ved etablering av ny dam ved utløpet av Kvitebergsvatnet er det viktig at sjøaure og ål vert sikra passasje forbi dammen. Med føresetnad om at avbøtande tiltak vert gjennomført, meiner NVE at verknadane for allmenne interesser kan aksepterast.
Etter ei heilskapleg vurdering av planane og dei innkomne uttalane meiner NVE at fordelane av det omsøkte tiltaket er større enn skadar og ulemper for allmenne og private interesser, slik at kravet i vassressurslova § 25 er oppfylt. NVE gjev Alsaker Fjordbruk AS løyve etter vassressurslova § 8 til uttak av vatn og regulering av Kvitebergsvatnet. Løyvet er gjeve på nærare fastsette vilkår.