Uvdalsvassdraget- revisjon av vilkår

Registreringsnummer
6312
Saksnummer
200901539
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Revisjon av konsesjonsvilkår
Status
Revidert konsesjon
Vedtaksdato
17.02.2023
Tiltakshaver
SKAGERAK KRAFT AS
Fylke
Buskerud
Kommune
Nore og Uvdal
Vassdragsområde
015.JZ

Nye konsesjonsvilkår for reguleringa av Uvdalsvassdraget

Nore og Uvdal kommune har stilt krav om miljøforbetrande tiltak i vatn og elvar som blir påverka av reguleringa av Uvdalsvassdraget. På grunnlag av krava har NVE gjennomført ei revisjon av konsesjonsvilkåra for reguleringa og tilrår visse endringar.

 

NVE har sendt innstilling til Olje- og energidepartementet, der ein rår til at dei gamle vilkåra blir erstattet av moderne konsesjonsvilkår for reguleringa. Dei nye vilkåra gir styresmaktene moglegheit til å pålegge ulike undersøkingar og avbøtande tiltak, i heile konsesjonstida. Det er Skagerak Kraft som er konsesjonær for reguleringa.

 

NVE rår og til at det skal sleppast minstevassføring i Jønndøla. Ei minstevassføring vil hovudsakeleg betre forholda i Jønndøla, både biologisk og landskapsmessig, men vil og sikre meir vatn i Uvdalselva. NVE legg vekt på at Jønndalen er eit mykje brukt område både sommar og vinter og ein innfallsport til Hardangervidda. Elvestrekningen ligg nær veg, stølar og i eit område som er mykje nytta til friluftsformål.

NVE meiner det er viktig å oppretthalde god reguleringsevne og fleksibilitet i manøvreringa av Sønstevatnmagasinet av omsyn til kraftproduksjon og flaumhandtering. Av den grunn meiner NVE at det ikkje bør innførast restriksjonar på manøvreringa i Sønstevatn.

 

Saken ble avgjort av kongen i Statsråd den 17.2.2023 og anbefalingene fra NVE er fulgt. I tillegg gis vilkår om en årlig innbetaling av et fond til fremme av fisk, vilt og friluftsliv i tillegg til et fond som øremerkes villrein.  Kongelig resolusjon av 17.2.2023 er å finne i sin helhet på denne siden.