Nørdre Juva kraftverk
- Registreringsnummer
- 6290
- Saksnummer
- 201100972
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 18.12.2013
- Tiltakshaver
- Nørdre Juva kraftverk SUS
- Fylke
- Innlandet
- Kommune
- Skjåk
- Vassdragsområde
- 002.DHE0
- Søkt produksjon
- 4,40 GWh
NVE seier nei til søknaden frå Nørdre Juva kraftverk SUS om løyve til bygging av Nørdre Juva kraftverk i Skjåk kommune i Oppland. Avslaget er grunngjeve med dei negative konsekvensane prosjektet vil medføre for eit fosselandskap.
Nørdre Juva kraftverk var planlagt i Skjåk kommune. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på 1,35 MW og ville gitt ein årleg produksjon på omlag 4,4 GWh.
Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, omsynet til eit fosselandskap og dei svært store og omfattande inngrepa ei utbygging vil medføre. Grunngjevinga for avslaget er at et inngrep som planlagt vil gje betydelege terrenginngrep og, slik NVE ser det, store utfordringar for den vidare drifta av kraftverket.
Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan vegast opp med avbøtande tiltak.
NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Nørdre Juva kraftverk.