Øvre Klubbvik kraftverk

Registreringsnummer
6212
Saksnummer
200704921
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
17.12.2010
Tiltakshaver
Fjellkraft Produksjon AS
Fylke
Nordland
Kommune
Narvik
Vassdragsområde
173.5Z
Søkt produksjon
4,50 GWh

NVE har handsama søknadene om bygging av Øvre og Nedre Klubbvik kraftverk i Narvik kommune i Nordland. Vi gjev løyve til å byggje Nedre Klubbvik kraftverk, som vil gje ein årlig fornybar produksjon på om lag 9,6 GWh. Dette tilsvarar straumbruken til snautt 500 husstandar. Øvre Klubbvik kraftverk får ikkje løyve grunna konfliktar med omsyn til landskap, inngrepsfrie område og reindrift. NVE meiner at ein produksjon i dette kraftverket på om lag 4,5 GWh ikkje veg opp for ulempene ved ei utbygging.

Avslag for Øvre Klubbvik kraftverk
Øvre Klubbvik kraftverk er planlagt med ein installert effekt på 1,61 MW og ein årleg produksjon på om lag 4,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 200 husstandar. Utbygginga vil redusere inngrepsfrie naturområde og inntrykket av å vera i urørt, særpreget natur; kvalitetstrekk området innehar i dag. I tillegg vil prosjektet medføre negative konsekvensar for reindrift og trua artar. Vi ser heller ikkje moglegheiter for å bøte på verknadene med tiltak. Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE vurderer derfor utbyggingsplanane til ikkje å vere akseptable i høve til allmenne interesser og gir derfor ikkje løyve til bygging av Øvre Klubbvik kraftverk.

Løyve til Nedre Klubbvik kraftverk
Nedre Klubbvik kraftverk er planlagt med ein installert effekt på 3,44 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på om lag 9,6 GWh. Dette svarar til den årlege straumbruken til snautt 500 husstandar. Utbygging vil mest gje negative konsekvensar for områdets landskapsverdi, men med avbøtande tiltak som slepp av sesongbasert minstevassføring, vassveg i tunnel og minimale inngrep i området reduserast dei negative konsekvensane etter vårt syn til eit akseptabelt nivå. Vidare meiner vi at omsynet til mellom anna reindrifta kan tryggjast med krav om god dialog under planleggings- og anleggsperioden. NVE vurderer nytten av tiltaket som større enn skadane og ulempene for allmenne og private interesser, og gir derfor løyve til bygging av Nedre Klubbvik kraftverk på fastsette vilkår.