Langedalselvi kraftverk
- Registreringsnummer
- 6192
- Saksnummer
- 201004925
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Henlagt/trukket sak
- Tiltakshaver
- Blåfall AS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Modalen
- Vassdragsområde
- 064.1
- Søkt produksjon
- 2,10 GWh
NVE har motteke ein søknad frå Blåfall AS om løyve til Fjellstølen kraftverk og Langedalselvi kraftverk i Modalen kommune.
Langedalselvi kraftverk vil nytte fallet i Langedalselvi frå kote 300 til kote 25. Nedbørfeltet er 1,52 km2 og middelvassføringa ved inntaket er 140 l/s. Frå inntaket vil vassvegen på austsida av elva gå i nedgraven røyrgate på 1900 m. Røyrgata vil krysse Langedalselvi éin gong før den endar opp på kraftstasjonstomta på vestsida av elva. Om lag 100 m nedstraums inntaket renn det inn ein bekk i Langedalselvi. Denne er det planlagt å overføre til inntaket i eit 30 m langt nedgrave røyr. Kraftverket vil få ein installert effekt på 0,83 MW med ein årleg produksjon på 2,1 GWh. Det er planlagt å sleppe ei minstevassføring på 10 l/s i Langedalselvi.
Eksisterande veg i Langedalen skal oppgraderast og forlengast med 900 m. som tilkomst til inntaket. I tillegg vert det bygd ny avkjørsel og ca 30 m ny veg som tilkomst til kraftstasjonen.