Sandneselva kraftverk
- Registreringsnummer
- 6068
- Saksnummer
- 200902154
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Utgått/bortfalt
- Tiltakshaver
- BLÅFALL AS
- Fylke
- Troms
- Kommune
- Kvænangen
- Vassdragsområde
- 209.2Z
- Søkt produksjon
- 8,70 GWh
NVE gjev Clemens Kraft AS løyve til å byggje Sandneselva kraftverk i Kvænangen kommune i Troms. Kraftverket vil med dei fastsette vilkåra produsere om lag 8,7 GW/år. Dette svarar til straumbruken til 440 husstandar.
I vedtaket legg NVE vekt på at ei utbygging av Sandneselva kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa effekter for miljø og brukarinteresser.
Kraftverket er planlagt i Sandneselva, med hovudinntak om lag ved kote 158 og kraftstasjon ved kote 5. Vassvegen frå inntaket og om lag 500 meter nedover vil hovudsakeleg gå som nedgraven røyrgate, medan vassvegen vert lagt i fjell siste strekkjet ned til sjøen.
NVE meiner tiltaket fører med seg akseptable og relativt små ulemper for naturmiljøet og andre allmenne interesser. NVE har fastsett ei minstevassføring på 200 l/s heile i sumarsesongen, og 40 l/s resten av året.
Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane ved ei utbygging er større enn skadane og ulempene for allmenne og private interesser, og gjev difor løyve til bygging av Sandneselva kraftverk.