Kroken kraftverk
- Registreringsnummer
- 6042
- Saksnummer
- 201001556
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 01.09.2014
- Tiltakshaver
- Kroken Kraft SA
- Fylke
- Møre og Romsdal
- Kommune
- Sykkylven
- Vassdragsområde
- 097.7C0
- Søkt produksjon
- 6,50 GWh
NVE avslår søknaden frå Kroken Kraft SUS om løyve til å byggje Kroken kraftverk. Kraftverket var planlagd i Regndalselva i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal. Avslaget skuldast konsekvensar for landskap og friluftsliv. Kroken kraftverk var planlagd med ein installert effekt på maksimalt 5,49 MW og ein årleg produksjon på omlag 17,4 GWh.
NVE meiner at bygging av Kroken kraftverk vil vere i strid med Olje- og energidepartementets retningsliner for små vasskraftverk. Fossen i Regndalselva er eit identitetsskapande element i landskapet og har stor landskaps- og opplevingsverdi. Området er mykje nytta i friluftslivssamanheng. Det følgjer av retningslinene at utbyggingar som fører til vesentleg reduksjon av verdifulle landskapselement av nasjonal, regional eller lokal betyding børunngåast.
Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan vegast opp med avbøtande tiltak.
NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Kroken kraftverk. Vedtaket er påklaga, og Olje- og energidepartementet har i brev av 21.4.2016 opprettholdt NVEs vedtak.