Skjeggedalsfossen kraftverk
- Registreringsnummer
- 6030
- Saksnummer
- 201001133
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 07.12.2016
- Tiltakshaver
- Tveit
- Fylke
- Agder
- Kommune
- Åmli
- Vassdragsområde
- 020.BD
- Søkt produksjon
- 16,30 GWh
NVE tilrår Olje- og energidepartementet å gje Agder Energi Vannkraft AS løyve til å bygge Skjeggedal kraftverk i Åmli kommune i Aust-Agder. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på 18,5 GWh fornybar energi, noko som svarar til straumbruken i 925 husstandar. Samstundes tilrår NVE at departementet seier nei til Knut Olav Tveit sin søknad om løyve til bygging av Skjeggedalsfossen kraftverk og nei til Risdal Energi AS sin søknad om overføring av Skjeggedalsåna til Juvann for utnytting i eksisterande Vassfossen kraftverk.
I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Skjeggedal kraftverk vil vere eit bidrag til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar. Skjeggedal kraftverk vil utnytte eit fall på omlag 125 m i øvre del av Skjeggedalsåna. Kraftverket vil få ein installert effekt på 5,4 MW og med det gi ein årleg produksjon på 18,5 GWh med fornybar energi..
Agder Energi Vannkraft AS (AEV) har frå tidlegare erverva naudsynte fallrettar og rett til grunn for bygging av Skjeggedal kraftverk. Det er desse rettane dei nå har søkt om løyve til å utnytte i eit nytt kraftverk. Samstundes har Knut Olav Tveit søkt om løyve til å utnytte om lag det same fallet.
NVE har i vurderinga lagt vekt på at AEV sitt prosjekt gir noko meir produksjon enn Tveit sitt prosjekt. Det er også dette prosjektet som har størst oppslutning hjå lokal mynde. Miljøverknadene er små, og avgrensa for både prosjekta. Når så AEV sitt på rettane for utbygging meiner NVE at fordelane er størst ved ei bygging av kraftverket etter AEV sine planar
I tillegg har Risdal Energi AS økt om løyve til overføring av Skjeggedalsåna til Juvann slik at vatnet kan magasinerast i Eptevann for utnytting i eksisterande Vassfossen kraftverk. Med unntak av Froland kommune der Vassfossen kraftverk ligg, har alle høyringspartane gått imot dette prosjektet. Dette prosjektet vil gi noko meir produksjon enn AEV sitt prosjekt, men samstundes er verknadene etter NVE si meining av ein monaleg storleik samanlikna med den avgrensa auka i produksjon som ei overføring gir. NVE har lagt særleg vekt på at tiltaket vil redusere vassføringa i Skjeggedalsåna over ei strekkje på om lag 18 km ned til samløpet med Vatnedalselva. Dette vil ha verknader for vassdragsmiljø , bruk og opplevingar knytt til elva. I tillegg vil det verte store inngrep ved etablering av ein omlag 6,5 km lang overføringstunnel. NVE vil difor ikkje tilrå at det blir gitt løyve til overføring av Skjeggedalsåna til Juvann.
NVE tilrår at departementet går inn for løyve til eit kraftverk i Skjeggedalsåna, og av dei to prosjekta meiner vi som nemnd at det AEV sitt prosjekt som er det beste og som bør få konsesjon. Eit løyve vil bli gitt på nærare fastsette vilkår.