Esperåa kraftverk

Registreringsnummer
6025
Saksnummer
201001112
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
TINFOS AS
Fylke
Telemark
Kommune
Notodden
Vassdragsområde
016.F3C
Søkt produksjon
3,20 GWh

 

Løyve til Esperåa kraftverk

 

NVE gjev Tinfos AS løyve til å byggje Esperåa kraftverk i Notodden kommune i Telemark. Kraftverket vil produsere om lag 3,2 GWh årleg. Det svarar til straumbruken til 160 husstandar.

 

 

I vedtaket legg NVE vekt på at ein utbygging av Esperåa kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa effektar for miljø og brukarinteresser.

 

Kraftverket er planlagt i Esperåa, men hovudinntak om lag ved kote 520 og kraftstasjon ved kote 365. Vassvegen frå inntaket til kraftstasjonen skal gå i nedgraven røyrgate. NVE har vurdert tiltaket til å medføre akseptable og relativt små ulemper for naturmiljøet. NVE har fastsett ei minstevassføring på 35 l/s heile året.

 

NVE vurderer at i sum er nytten av tiltaket større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Esperåa kraftverk på fastsette vilkår.