Masseuttak i Kjelaåi i Telemark
- Registreringsnummer
- 6013
- Saksnummer
- 201000859
- Overordnet sakstype
- Andre inngrep
- Sakstype
- Fysiske inngrep i vannstrengen
- Formål
- Vassdragsinngrep
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 26.10.2010
- Tiltakshaver
- Bratland
- Fylke
- Telemark
- Kommune
- Vinje
- Vassdragsområde
- 016.BEZ
NVE seier nei til vidare masseuttak i Kjelaåi i Vinje kommune i Telemark. NVE meiner fordelane ved vidare masseuttak ikkje veg opp for skadar og ulempar som blir påført ålmenne interesser.
Olav Bratland har søkt om løyve til masseuttak i Kjelaåi. Det var planlagt å ta ut totalt 75 000 m³ masse på eit 15 000 m² stort område. Det har vore masseuttak i området i om lag 30 år, og det skal i denne perioden ha blitt tatt ut ca. 30 000 m³ masse.
Masseuttaket har etter NVEs vurdering negative konsekvensar for vassdragsmiljøet som følgje av auka erosjon, finpartiklar i vatnet og sedimentering av masse nedstraums uttaket. Vidare har masseuttaket etter NVEs syn store negative konsekvensar for landskapsbiletet på Edland.
NVE meiner at dei negative konsekvensane er større enn nytta av auka tilgong på massar og andre positive effektar av vidare masseuttak. Etter NVEs vurdering er det heller ikkje mogleg å bøte på verknadane med tiltak. Vi vurderar at vidare masseuttak ikkje er akseptabelt i høve til ålmenne interesser, og gjev difor ikkje løyve til vidare masseuttak i Kjelaåi. Det etablerte masseuttaket skal avsluttast i samsvar med plan godkjend av NVE.