Stokkelva kraftverk
- Registreringsnummer
- 5996
- Saksnummer
- 201000541
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Henlagt/trukket sak
- Tiltakshaver
- Blåfall AS
- Fylke
- Møre og Romsdal
- Kommune
- Rauma
- Vassdragsområde
- 103.21
- Søkt produksjon
- 6,20 GWh
Fleire søkjarar – Søknader om løyve til å byggje 11 småkraftverk i Rauma og Nesset kommunar i Møre og Romsdal
Stokkelva kraftverk vil nytte avrenning frå tre ulike nedslagsfelt med eit samla areal på 4,83 km2. Hovudinntaket er planlagt på 520 moh. i Stokkelva med overføringar frå to bekkeinntak sør for hovudinntaket. Båe bekkeinntak ligg på 525 moh. Overføringane skjer med eit 280 m langt nedgrave røyr. Kraftverket vil nytte eit fall på 515 m frå hovudinntaket på 520 moh. til kraftstasjonen på 5 moh. Vassvegen frå hovudinntaket er planlagt som ein 2,1 km lang nedgrave tilløpsrøyr i heile si lengd på nordsida av Stokkelva. Det må byggast ei 500 m førebels anleggsveg opp til inntaket frå eksisterande veg på nordsida av elva. Kraftverket vil bli liggjande på østsida rett at med E136. Middelvassføringa for heile feltet er på 260 l/s, der overføringane utgjer om lag 100 l/s. Kraftverket er planlagt med ei maksimal slukeevne på 780 l/s. Kraftverket vil ha ein installert effekt på 3,3 MW, med ein estimert årsproduksjon på 6,2 GWh. Utbygginga vil føre til redusert vassføring på ei 2,1 km lang elvestrekning i Stokkelva. Det er søkt om slepp av ei minstevassføring på 68 l/s om sommaren (1.5 til 30.9), og 22 l/s resten av året. Det er ikkje planlagt slepp av minstevassføring frå dei to overføringsbekkane.