Vittnes kraftverk

Registreringsnummer
5979
Saksnummer
201000331
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
06.06.2014
Tiltakshaver
Bekk og Strøm AS
Fylke
Troms
Kommune
Skjervøy
Vassdragsområde
206.733Z
Søkt produksjon
5,49 GWh

Ikkje løyve til Vittnes kraftverk

 

 

NVE avslår søknad frå Bekk & Strøm AS om løyve til bygging av Vittnes kraftverk i Skjervøy kommune, Troms fylke. NVE legg avgjerande vekt på at utbygginga vil ha negative konsekvensar for kulturminner, landskap og reindrift.

 

 

Bekk & Strøm AS hadde planlagt å nytte eit fall i Vittneselva mellom kote 325 og kote 5. Vassvegen skulle delvis verte greve ned og delvis bolta fast på fjell, og kraftverket ville ha produsert 5,49 GWh årleg. Søknaden omfatta eit reguleringsmagasin der neddemt areal ville utgjort 10,5 daa.

 

NVE avslår søknaden direkte fordi bygging og drift av Vitnes kraftverk ville ha fått uheldige konsekvensar for reindrifta si bruk av området. Søknaden har ikkje vore på høyring fordi det var klart at søknaden måtte verte avslått, slik vassressurslova opnar for.  

 

NVE legg i tillegg vekt på dei negative påverknadene på kulturminne i området og på det verdfulle landskapet knytt til elva. Ulempene ved tiltaket ville vere større enn fordelane. Dermed er ikkje kravet i vassressurslova § 25 for å gje konsesjon oppfylt . NVE gjev ikkje løyve etter vassressurslova § 8 til å byggje Vittnes kraftverk og søknaden blir dermed avslått utan vidare sakshandsaming.

 

Les meir på nve.no.

 

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf 22959389