Miljateig/Skålnes kraftverk
- Registreringsnummer
- 5959
- Saksnummer
- 200906477
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 18.12.2014
- Tiltakshaver
- Miljateig Skålnes Kraftverk AS (SUS)
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Etne
- Vassdragsområde
- 042.24
- Søkt produksjon
- 19,00 GWh
NVE avslår søknaden frå Miljateig Skålnes Kraft AS om løyve til å bygge Miljateig/Skålnes kraftverk i Etne kommune i Hordaland. Kraftverket var planlagd med ein installert effekt på 5,9 MW og ein årleg produksjon på omlag 19 GWh. NVE meiner dei positive konsekvensane for allmenne interesser ikkje veg opp for dei samla ulempene for fjordlandskap, friluftsliv og reiseliv.
NVE meiner at ei utbygging av Miljateig/Skålnes kraftverk vil medføre betydelege terrenginngrep i eit fjordlandskap med verdi for friluftsliv og reiseliv. Vi har og vektlagt at tiltaket påverkar ein viktig innfallsport til viktige fjellområde og reduserer villmarksprega naturområder. NVE meiner at det er vanskeleg å finne gode avbøtande tiltak som vil redusere terrenginngrepa og verknad for landskap, friluftsliv og reiseliv. NVE har og lagt vekt på at tiltaket kjem i konflikt med ein raudlista art (VU – sårbar) og to naturtypar av middels verdi (B).
Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan vegast opp med avbøtande tiltak.
NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Miljateig/Skålnes kraftverk.