Planendring Haukvik Kraft-smolt
- Registreringsnummer
- 5951
- Saksnummer
- 200709827
- Overordnet sakstype
- Andre inngrep
- Sakstype
- Planendring
- Formål
- Akvakultur
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 08.04.2019
- Tiltakshaver
- HAUKVIK GENBANK AS
- Fylke
- Trøndelag
- Kommune
- Heim
- Vassdragsområde
- 113.A
NVE meiner at ulempene ved overføring av Gammelseterbekken (frå Storlivatnet) via open kanal til Skittenholvatnet, og framføring av veg via Storlivatnet opp til Middagslivatnet, er større enn fordelane for allmenne og private interesser. Kravet i vassressurslova § 25 er ikkje oppfylt for desse tiltaka.
NVE vurderer at fordelane knytt til 0,35 m auka regulering av Skittenholvatnet er større enn skadar og ulemper for allmenne og private interesser, slik at kravet i vassressurslova § 25 er oppfylt. NVE gjev Haukvik Kraft-Smolt AS løyve etter vassressurslova § 8 til regulering av Skittenholvatnet med tilsaman 3,00 meter mellom LRV kote 380,10 og HRV kote 383,10.
NVE meiner at det føreligg særskilde grunnar for at delar av konsesjonen av 07.05.2009 må gjerast om, jf. vassressurslova § 28, for å hindre spreiing av krepsepest og betre forholda for vasstilknytte artar. For å hindre spreiing av krepsepest opphevar NVE vilkår om slepp av minstevassføring frå Oppsalvatnet og Skittenholvatnet. NVE opphevar også løyve til overføring av Skytnesbekken til Skittenholvatnet for å sikre minstevassføring til elva Spjøta.
Slepp av minstevassføring frå Middagslivatnet vert endra frå 20 l/s til 15 l/s heile året, jf. vassressurslova § 28.
Dei største konfliktane med konsesjon- og planendringssøknad er knytt til landskap og friluftsliv. NVE meiner at overføring av Gammelseterbekken (frå Storlivatnet) og Skytnesbekken via open kanal fram til Skittenholvatnet vil vere til ulempe for fri ferdsel, og at inngrepa ved bygging av kanal og framføring av veg i eit ope fjell- og myrterreng, vil bli svært synleg i landskapet. NVE meiner at utbygginga vil medføre store inngrep som vil gi store og varige sår i landskapet, og at det er vanskeleg å finne gode avbøtande tiltak. NVE vurderer at overføring via open kanal og bygging av veg ikkje bør gjennomførast med omsyn til landskap og friluftsliv.
NVE ser dei økonomiske fordelane ved å gjennomføre tiltaket på enklast mogleg måte, men meiner likevel at det bør veljast alternativ som betre tek vare på landskapet og allmenne verdiar knytt til dette. NVE meiner at vatn frå Middagslivatnet må overførast til Skittenholvatnet via bora tunnel og nedgraven røyrgate, utan framføring av veg til Middagslivatnet, slik som føresett i konsesjonen av 07.05.2009.
Når det gjeld auka regulering av Skittenholvatnet viser vi til tidlegare vurderingar gjort i samband med konsesjon av 07.05.2009. NVE vurderer at ein auke i regulering på 0,35 m av Skittenholvatnet i liten grad vil påverke allmenne interesser.
Ny informasjon viser at det finst signalkreps som er berar av krepsepest i Oppsalvatnet og Skittenholvatnet. NVE vurderer at delar av vassdragskonsesjonen av 07.05.2009 må gjerast om for å unngå spreiing av signalkreps. NVE vurderer ut frå råda frå Veterinærinstituttet at det ikkje bør sleppast minstevassføring frå Oppsalvatnet og Skittenholvatnet. For å kompensere for manglande minstevassføring frå desse to vatna meiner NVE at Skytnesbekken ikkje bør overførast til Skittenholvatnet, men renne naturleg, for å sikre minstevassføring nedstraums til elva Spjøta.