Skallelva kraftverk

Registreringsnummer
5939
Saksnummer
201101180
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
07.04.2017
Tiltakshaver
Skallelva Kraft AS v/Ingebrikt Henden
Fylke
Trøndelag
Kommune
Heim
Vassdragsområde
113.22Z
Søkt produksjon
2,88 GWh

 

NVE gjev Skallelva kraft AS løyve til å byggje Skallelva kraftverk i Halsa kommune i Møre og Romsdal. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 2,8 GWh. Dette svarar til straumbruken til omlag 150 husstandar.

 

NVE legg vekt på at ei utbygging av Skallelva kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi.

 

Utbygginga vil gjere nytte av fallet mellom kote 355 og kote 90 i Skallelva. I tillegg skal Gammelseterbekken og Mellomelva overførast til inntaket i Skallelva. Vassvegen skal vere nedgraven heile vegen. For framføring av røyrgate og bygging av inntak vil ein nytte mellombels anleggsveg langs røyrgata. 300 meter av anleggsvegen skal behaldast som permanent veg til inntaket i Skallelva.

 

For å ta vare på verdiar knytt til naturtypen fossesprøytsone, og for å oppretthalde noko av den økologiske balansen i elva, er det sett krav om å sleppe ei minstevassføring på 30 l/s i sommarsesongen og 10 l/s resten av året i Skalleva. Det er ikkje krav om minstevassføring i Gammelseterbekken og Mellomelva.

 

NVE vurderer at i sum at nytten av tiltaket større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Skallelva kraftverk på fastsette vilkår.

 

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fremja motsegn til Skallelva kraftverk. Vedtaket er ikkje endeleg før motsegna er avklara i Olje- og energidepartementet.

 

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 90 19 82 16

Saksbehandlar Silje Aakre Solheim, tlf. 22 95 95 44 / 48 02 17 60