Årsetelva kraftverk

Registreringsnummer
5907
Saksnummer
200905841
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Mini-/mikrokraftverk
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
Kvistad og Årset Kraftlag
Fylke
Møre og Romsdal
Kommune
Ørsta
Vassdragsområde
097.1Z
Søkt produksjon
5,72 GWh

NVE har gjeve løyve til kraftverka Årsetelva, Skarbøen og Indre Trandal alternativ 2, medan søknadene om Skår og Klubbeneselva kraftverk er avslått. Alle prosjekta ligg i Ørsta kommune i Møre og Romsdal.

Dei tre kraftverka som har fått løyve, vil produsere omlag 12 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 600 husstandar.

Søknadene er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane, som best kjem fram når sakene blir sett i samanheng. NVE har i si vurdering lagt særleg vekt på omsynet til Hjørundfjorden som eit nasjonalt viktig fjordlandskap.

Skår kraftverk, Indre Trandal kraftverk alternativ 1 og Klubbeneselva kraftverk vil i for stor grad vil røre ved verdiar knytt til fjordlandskapet, medan Skarbøen kraftverk og det reduserte alternativet til Indre Trandal kraftverk (alternativ 2) har akseptable konsekvensar. Det blir gjeve løyve til Årsetelva kraftverk då dette ikkje vil røre ved kjende verdiar i det verna Bondalsvassdraget. Kraftverket vil føre til ein liten reduksjon av vassføringa og det blir avgrensa med nye inngrep i Kvistaddalen.