Tangvella kraftverk
- Registreringsnummer
- 5843
- Saksnummer
- 200905441
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 27.06.2013
- Tiltakshaver
- Selbu Energiverk A/S
- Fylke
- Trøndelag
- Kommune
- Klæbu, Selbu
- Vassdragsområde
- 123.B3Z
- Søkt produksjon
- 17,10 GWh
NVE gjev Småkraft AS løyve til å bygge Rangåa kraftverk i Rangåa i Klæbu. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 4,9 GWh, noko som svarar til straumbruken til omlag 245 husstandar. NVE har samstundes avslått søknad om Brunga kraftverk i Klæbu og Tangvella kraftverk i Klæbu og Selbu. Alle prosjekta ligg på sørsida av Selbusjøen i Sør-Trøndelag.
Tangvella kraftverk med overføring av Hornåa er avslått grunna stor konflikt med naturverdiar. I både Tangvella og Hornåa er det bekkeløfter av B-verdi. I elva Tangvella fins det i tillegg ei fossesprutsone av A-verdi. Det er registrert 10 raudlista artar i Tangvella, mellom anna den svært fuktkrevjande arten Fossefiltlav som er sterkt truga. Ei utbygging i eit slik verdfullt naturområde strir med retningslinjene for små vasskraftverk frå Olje- og energidepartementet. Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev ikkje løyve til Tangvella kraftverk.