Måsøval Settefisk AS - Reguleringer, vannuttak og fiskesperre i Laksåvassdraget
- Registreringsnummer
- 5840
- Saksnummer
- 200903149
- Overordnet sakstype
- Andre inngrep
- Sakstype
- Vannuttak
- Formål
- Akvakultur
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 02.01.2012
- Tiltakshaver
- MÅSØVAL AS
- Fylke
- Trøndelag
- Kommune
- Hitra
- Vassdragsområde
- 117.2Z
NVE gjev Måsøval Settefisk AS løyve til vassuttak for smoltproduksjon frå Laksåvassdraget i Hitra kommune i Sør-Trøndelag. NVE gjev selskapet løyve til å regulere Laksåvatnet og Langvatnet-Eklingdalsvatnet. Søknaden om å regulere Setervatnet er avslått.
Måsøval Settefisk AS får løyve til å oppretthalde dammen i Laksåvatnet som fiskesperre i 10 år. Selskapet kan ikkje rekne med at denne delen av løyvet blir forlenga, og NVE har i vedtaket anbefalt at selskapet installerer eit fullverdig resirkuleringsanlegg som vil redusere kostnadane med reinsing av vatnet.
Løyvet vil gje grunnlag for å utvide produksjonen av fisk i anlegget. Vassuttaket skal ikkje vere større enn 40 m3/min, og storleiken på vassuttaket skal til ein kvar tid kunne dokumenterast. Vassuttaket kan ikkje aukast før regulering av Langvatnet-Eklingdalsvatnet er auka.
Vilkåra i løyvet gjev NVE og Fylkesmannen i Sør-Trøndelag heimel til å kunne påleggje Måsøval Settefisk AS å restaurere og overvake vassdraget og gjere tiltak på sikt slik at fisk skal kunne vandre uhindra i vassdraget.
Elvemusling og minstevassføring
For å sikre at Sloelva og Laksåa ikkje blir tørrlagt, skal det sleppast ei minstevassføring gjennom heile året. Kravet om minstevassføring i Sloelva tek til å gjelde når den auka reguleringa av Langvatnet-Eklingdalsvatnet vert teke i bruk. Det er ein liten bestand av elvemusling i Sloelva, og Måsøval Settefisk AS må sjå til at forholda for denne sårbare arten ikkje vert forverra. Kravet om minstevassføring i Laksåa tek til å gjelde når elva er satt i stand og fisken kan vandre forbi dammen i Laksåvatnet.
NVE vurderer reguleringa og vassuttaket til å vere akseptable i høve til allmenne og private interesser. Løyvet frå NVE gjer det mogleg å betre miljøtilstanden i vassdraget som i dag er sterkt prega av fysiske inngrep. Dette krev eit godt samarbeid mellom Måsøval Settefisk AS og forvaltninga.