Lauvåsåna kraftverk

Registreringsnummer
5790
Saksnummer
200902932
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
FORTE VANNKRAFT UTVIKLING AS
Fylke
Rogaland
Kommune
Strand
Vassdragsområde
033.13
Søkt produksjon
3,42 GWh

 

 

 

 

NVE gjev Småkraft AS løyve til å bygge Lauvåsåna kraftverk i Strand kommune i Rogaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 3,4 GWh, noko som svarar til straumbruken til 170 husstandar.

 

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Lauvåsåna kraftverk vil vere eit bidrag til ein fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.

Lauvåsåna kraftverk vil etter dei framlagte planane nytte ei fallhøgd på 265 m i Døvikåna, med inntak på kote 295 og kraftstasjon på kote 30. Vatnet skal førast i røyr frå inntaket til kraftstasjonen og vassrøyret skal ligge nedgrave i grøft heile strekninga.

Konsekvensane for allmenne interesser er primært knytt til kystmyrlokaliteten «Jarven» som har verdi A, og naturmangfaldet knytt til denne. NVE meiner at den planlagde plasseringa av inntaket ikkje vil røre ved kystmyra nemneverdig. Andre ulemper er etter vårt syn avgrensa og kan bøtast på ved fastsetting av vilkår og oppfølging i anleggsperioden.

Rogaland fylkeskommune har fremja motsegn mot søknaden, dei vurderer potensialet for funn av automatisk freda kulturminner høgt og vil derfor gjennomføra ein synfaring.

NVE vurderer det slik at med ei utbygging der inntaket plasserast som omtalt i søknaden, vil tiltaket ikkje føre til vesentlege ulemper for ålmenta. Samstundes vil tiltaket gje omlag 3,4 GWh/år i fornybar energiproduksjon. Vi har på bakgrunn av dette gjeve Småkraft AS løyve til bygging av Lauvåsåna kraftverk på nærare fastsette vilkår.

Kontaktpersonar:

seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22959389/90198216

avdelingsingeniør Bjørnar H. Roalkvam, tlf. 22959471

Konsesjonen for Lauvåsåna kraftaverk ble 10.11.2017 overført til Captiva Energi AS.