Ringnes kraftverk

Registreringsnummer
5751
Saksnummer
200901766
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
16.05.2013
Tiltakshaver
Norsk Grønnkraft AS
Fylke
Buskerud
Kommune
Krødsherad
Vassdragsområde
012.CB4Z
Søkt produksjon
2,90 GWh

NVE seier nei til søknad frå Norsk Grønnkraft AS om løyve til bygging av Ringnes kraftverk i Krødsherad kommune i Buskerud. Kraftverket var planlagt i det verna vassdraget Norefjellområdet. NVE meinar at tiltaket ville gitt negative verknader for verneverdiane i vassdraget.

NVE meiner at høgt uttak av vatn vil medføre lange periodar med berre minstevassføring i elva, noko som fører til ei ”flat ” elv, utan naturleg dynamikk. Tiltaket vil også føre til inngrep i ein rik edellauvskog, som er ein viktig naturtype. NVE vurderer at ei slik utbygging rører ved verneverdiane i vassdraget, og vi gjev difor ikkje løyve til Ringnes kraftverk.

Ringnes kraftverk var planlagt i Ringneselva i Krødsherad kommune. Kraftverket var planlagt med en installert effekt på inntil 1 MW og ville gitt ein årleg produksjon på omlag 2,9 GWh. Det var planlagt ei øvre slukeevne på 3,15 m3/s, tilsvarande 200 prosent av middelvassføringa.