Gåstjønna kraftverk

Registreringsnummer
5742
Saksnummer
200901764
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Mini-/mikrokraftverk
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
NGK UTBYGGING AS
Fylke
Nordland
Kommune
Vefsn
Vassdragsområde
155.31
Søkt produksjon
3,20 GWh

Det er gitt utsatt byggefrist. Ny frist er 21.12.2019

 

NVE gjev Norsk Grønnkraft AS løyve til å bygge Gåstjønna kraftverk i Vefsn kommune i Nordland. Det gis og løyve til å regulere Gåstjønna med 1,5 meter. Kraftverket er planlagt med ein installert effekt på 0,9 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på omlag 2,7 GWh.

Utbygginga vil nytte eit fall på 240 meter og endre vassføringa på ein omlag 850 meter lang elvestrekning. Vatnet skal førast i nedgravne røyr frå inntaket til kraftstasjonen.

Det er ikkje påvist raudlista artar knytt til elva, men Gåstjønna er ein kalksjø med kransalger som er ein lokalt vikteg naturtype. Ein eldre dam ved utlaupet av vatnet gjer at vasstanden i dag varierar med omlag 1,5 meter. Kraftverket og magasinet Gåstjønna vil ligge i eit område med reindrift. NVE meiner at tilstrekkeleg vassføring heile året, regulering innafor vasstandsvariasjonen slik den er i dag, og at det vert sett krav til utforminga av anlegget av omsyn til landskap og reindrift er avbøtande tiltak som gjer utbygginga tilrådeleg.

NVE meiner at fordelane i høve til allmenne interesser er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket og gir difor løyve til Gåstjønna kraftverk på fastsette vilkår.

Konsesjonen for Gåstjønna kraftverk vert 13.10.2014 overført frå Norsk Grønnkraft AS til NGK Utbygging AS.

NGK Utbygging AS har 25.02.2016 fått utsatt byggefrist til 21.12.2019.