Gjesdal II kraftverk
- Registreringsnummer
- 5727
- Saksnummer
- 200900906
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Mini-/mikrokraftverk
- Status
- Utgått/bortfalt
- Tiltakshaver
- Gjesdal Kraftverk AS v/Håland
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Sunnfjord
- Vassdragsområde
- 084.E1A
- Søkt produksjon
- 1,99 GWh
NVE gjev Gjesdal Kraftverk AS løyve til å bygge Gjesdal II minikraftverk i Gjesdalselva i Jølster kommune, Sogn og Fjordane. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 2,1 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 100 husstandar.
Kraftverket vil nytte eit fall på 45 meter over ei strekkje på om lag 580 m i Gjesdalselva. Vatnet vert ført i nedgrave røyr frå inntaket nedanfor Gjesdalsfossen til kraftstasjonen. Gjesdal II kraftverk er planlagt med felles røyrtrasé og kraftstasjonsbygning med Gjesdal I kraftverk som fekk løyve frå NVE i 2008.
Utbygginga fører til få varige inngrep i naturen utover fråføringa av vatn frå Gjesdalselva på ei strekkje. For å ivareta allmenne interesser på strekkja som skal byggast ut, har NVE fastsett ei minstevassføring på 100 l/s heile året. Gjennom detaljplangodkjenning og oppfølging byggetida vil NVE sjå til at landskapsinngrepa knytt til utbygginga vert avgrensa i størst mogleg grad.
NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.