Sjåstad kraftverk

Registreringsnummer
5712
Saksnummer
200901221
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
16.08.2012
Tiltakshaver
CLEMENS KRAFTVERK AS
Fylke
Buskerud
Kommune
Lier
Vassdragsområde
011.AA
Søkt produksjon
5,20 GWh

NVE seier nei til søknad frå Elvekraft AS om løyve til bygging av Sjåstad kraftverk i Lier kommune i Buskerud av omsyn til ei bekkekløft av nasjonal verdi.

Sjåstad kraftverk var planlagt med ein installert effekt på 2,1 MW og ein årleg produksjon på om lag 5,2 GWh, noko som svarar til straumbruken til 260 husstandar. Bakgrunnen for avslaget er at tiltaket er planlagt i eit område som gjennom DN sitt bekkekløftprosjekt er vurdert til nasjonalt viktig. Det er funne ei rekkje raudlista artar, og det er eit stort potensiale for funn av fleire. Vassvegen er planlagt i røyr gjennom store delar av naturtypen. Vanskeleg terreng gjer at inngrepet får stort omfang. NVE meiner dette vil gjere bekkekløfta si verdi vesentleg ringare. Etter vårt syn vil ei utbygging ikkje vere i samsvar med retningslinene frå OED for å kunne gje løyve til småkraftverk.

Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan avbøtast med avbøtande tiltak. NVE vurderar at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til ålmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Sjåstad kraftverk.

 

Kontaktpersonar: 

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89

Avdelingsingeniør Kristine Naas, tlf. 22 95 97 66