Sagåna kraftverk
- Registreringsnummer
- 5685
- Saksnummer
- 200900908
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Utgått/bortfalt
- Tiltakshaver
- DALANE KRAFT AS
- Fylke
- Rogaland
- Kommune
- Lund
- Vassdragsområde
- 026.BB0
- Søkt produksjon
- 8,50 GWh
NVE gjev Dalane Kraft AS løyve til å bygge Sagåna kraftverk og regulere Øvre Hovsvatnet i Lund kommune i Rogaland. Kraftverket vil produsere om lag 8,5 GWh per år. Dette svarer til straumbruken til 425 husstandar.
NVE legg vekt på at ei utbygging av Sagåna kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa effektar for miljø og brukarinteresser.
Utbygginga vil nytte fallet mellom 376,5 og 62 moh. i Sagåna. Vassvegen skal gå i tunnel i øvre del, medan nedre del skal vere nedgraven i røyrgate. Det skal byggast 400 m ny veg til reguleringsdammen. Øvre Hovsvatnet skal regulerast mellom 381,5 og 379,5 moh. i perioden 1.oktober til 30.april. Resten av året skal vatnet regulerast mellom 381,5 og 380,5 moh.
For å ta vare på landskap og naturverdiar knytt til elva, er det sett krav om ei minstevassføring i Sagåna på 30 l/s heile året.
Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane ved ei utbygging er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser. På bakgrunn av dette gjev NVE løyve til bygging av Sagåna kraftverk og regulering av Øvre Hovsvatnet.