Nylandselva kraftverk
- Registreringsnummer
- 5668
- Saksnummer
- 200900314
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 02.12.2014
- Tiltakshaver
- CADRE ELVEKRAFT AS
- Fylke
- Nordland
- Kommune
- Leirfjord
- Vassdragsområde
- 153.1Z
- Søkt produksjon
- 8,00 GWh
Utsatt byggefrist. Ny frist er 02.12.2024
NVE gjev Clemens Kraft AS løyve til å byggje Nylandselva kraftverk i Leirfjord kommune i Nordland. Kraftverket vil gje ein årleg fornybar kraftproduksjon på om lag 7,6 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 380 husstandar.
Nylandselva kraftverk vil nytte eit fall på 200 m i Nylandselva mellom kote 360 og kote 160. Vassvegn er planlagt som boret tunell 300 meter ned frå inntaket, og røyr i grøft dei resterende 890 meterne ned til kraftstasjonen.
Kraftverket vil utnytte et nedbørfelt på ca.7,5 km2. Middelvaføringa er berekna til 778 l/s, og maksimal slukeevne vert 1400 l/s som utgjer 180% av middelvassføringa. Alminnelig lågvassføring er 60 l/s og 5-persentilverdiene for sommar og vinter er høvesvis 145 og 44 l/s
NVE har fastsett ei sesongbasert minstevassføring på 145 l/s i tida 1/5-30/9 og 45 l/s resten av året for å ivareta noko av det biologiske mangfaldet i og langs elva og for å ivareta elva som landskapselement, særlig i øvre del over tregrensa. NVE meiner at med fastsett minstevassføring vil ulempene for ålmenta vere avgrensa, samstundes som kraftverket vil gje ei viss ny fornybar energiproduksjon.