Grongstadfossen kraftverk
- Registreringsnummer
- 5664
- Saksnummer
- 200900401
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 18.02.2013
- Tiltakshaver
- Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk
- Fylke
- Trøndelag
- Kommune
- Høylandet
- Vassdragsområde
- 139.ACA
- Søkt produksjon
- 6,30 GWh
NVE avslår søknaden om bygging av Grongstadfossen kraftverk utan ytterlegare sakshandsaming. Det planlagde kraftverket vil komme i konflikt med vassdragets verdi som eit nasjonalt laksevassdrag.
Grongstadfossen kraftverk var planlagd med ei installert effekt på 0,999 MW, noko som ville gjeve ein årleg produksjon på omlag 6,3 GWh.
Miljørapportane som er vedlagt søknaden, konkluderar med at kraftverket vil gje middels negative konsekvensar for sjøaure og laks. NVE ser at ei ev. utbygging vil føre til reduksjon av gyte- og/eller oppvekstområde på berørt elvestrekning. Det vil òg vere fare for tørrlegging av gyte- og oppvekstområde like nedanfor kraftstasjonen ved utilsikta stans i kraftverket, særleg når det er låg vassføring i elva.
NVE har ikkje vurdert andre negative konsekvensar for allmenne interesser, som mellom anna landskap, og ei fossesprøytsone med A-verdi på råka elvestrekning. Vi har heller ikkje vurdert om det planlagde kraftverket er i strid med vernekriteria for vassdraget, då vurderingane knytt til elva si status som nasjonalt laksevassdrag etter vårt syn aleine er nok til å konkludere med at det ikkje kan gis konsesjon.