Kolåsåna kraftverk
- Registreringsnummer
- 5662
- Saksnummer
- 200900833
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Utgått/bortfalt
- Tiltakshaver
- BLÅFALL AS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Ullensvang
- Vassdragsområde
- 036.D20
- Søkt produksjon
- 5,90 GWh
Utsatt byggefrist. Ny frist er 26.11.2023
NVE gjev Kolåsåna Kraft SUS løyve til å byggje Kolåsåna kraftverk i Odda kommune i Hordaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på 5,9 GWh. Dette svarar til straumbruken til om lag 300 husstandar.
NVE har lagt vekt på at ei utbygging av Kolåsåna kraftverk vil vere eit bidrag til produksjon av fornybar energi med avgrensa konsekvensar for miljøet.
Utbygginga vil gjere nytte av fallet mellom kote 660 og kote 354 i elvane Kolåsåna og Stølsåna. Vassvegen skal vere nedgraven heile vegen. Frå om lag kote 550 og ned til kraftstasjonen er vassvegen felles for begge elvane. For framføring av røyrgate og bygging av inntak vert det bygd ein midlertidig anleggsveg.
For å ta vare på noko av den naturlege vassføringsdynamikken, samt oppretthalde noko av produksjonen og den økologiske balansen i elva, er det krav om å sleppe minstevassføring tilsvarande sesongmessige lågvassføringar i både Stølsåna og Kolåsåna.
NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Kolåsåna kraftverk på fastsette vilkår.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/ 90 19 82 16
Saksbehandlar Silje Aakre Solheim, tlf. 22 95 95 44