Fagerbakken kraftverk

Registreringsnummer
5652
Saksnummer
200806747
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
SISO ENERGI AS
Fylke
Nordland
Kommune
Sørfold
Vassdragsområde
166.C2
Søkt produksjon
16,60 GWh

Utsatt byggefrist. Ny frist er 04.05.2021

 

NVE gjev Siso Energi AS løyve til bygging av Fagerbakken kraftverk i Sørfold kommune i Nordland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 15 GWh, noko som svarar til straumbruken til 750 husstandar.

Kraftverket er planlagt med installert effekt på 4,9 MW. Utbygginga vil nytta ei fall i Fagerbakkelva på 426 meter, med inntak på kote 501 og kraftstasjon på kote 75. Ei elvestrekning på om lag 2,1 km får redusert vassføring. Vatnet skal førast i tunnel frå inntaket til kraftstasjonen. Det vert behov for å byggje ein ca. 2,7 km lang adkomstveg til kraftstasjonen og ca. 250 meter vei til inntaket.

Utbygginga vil gje nokre negative verknader for landskap, frilufstliv og reindrift og etter NVEs syn er det særskilt adkomstvegen som bidreg til dette. NVE meiner at ein betre tilpassa vegtrase bøtar noko på dei største negative verknadene. Av omsyn til vassdragstilknytta flora og fauna har NVE stilt krav til slepp av minstevassføring både sommer og vinter. NVE meiner at 70 l/s i perioden 1.5-30.9 og 15 l/s resten av året er tilstrekkeleg på utbyggingstrekninga. NVE har ikkje tillete vasstandsregulering i inntaksdammen, då vi meiner det vil være negativt for aurebestanden i elva nedstraums kraftstasjonen.

I sum vurderar NVE at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Fagerbakken kraftverk på fastsette vilkår.

 

Siso Energi har 22.02.2016 fått utsatt byggefrist til 04.05.2021.