Ekorndalselva kraftverk

Registreringsnummer
5647
Saksnummer
200806751
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
13.02.2015
Tiltakshaver
NORD-TRØNDELAG ELEKTRISITETSVERK AS
Fylke
Trøndelag
Kommune
Namsos
Vassdragsområde
140.32Z
Søkt produksjon
6,57 GWh

Avslag til Ekorndalselva småkraftverk i Namsos

NVE gjev ikkje NTE Energi løyve til å bygge Ekorndalselva kraftverk i Namsos kommune i Nord-Trøndelag. Avslaget er grunngjeve med omsyn til naturmangfald, landskap og friluftsliv.

Ekorndalselva kraftverk var planlagt i Ekorndalselva som renn ut i havet ved Duna. Kraftverket ville etter planen produsert omlag 6,6 GWh i eit medels år.

NVE meiner at tiltaksområdet har fleire biologiske kvalitetar, særleg innan naturtyper, og til dels raudlistearter. Det heilskapelege biologiske mangfaldet er konsentrert på eit relativt lite geografisk område, og dette trekker opp verdien av området. Elva har fleire kvalitetar med anadromt strekke frå utløpet og opp forbi planlagd kraftstasjon, samt fleire fossefall med fossesprutsoner. Etter NVE si vurdering vil aktuelle tilpassingar ikkje vere tilstrekkelege for å bøte på dei negative konsekvensane i naudsynt grad.

Les meir om Ekorndalselva kraftverk