Segadal kraftverk
- Registreringsnummer
- 5640
- Saksnummer
- 200806367
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 17.01.2012
- Tiltakshaver
- Segadal Kraft AS
- Fylke
- Rogaland
- Kommune
- Hjelmeland
- Vassdragsområde
- 035.42Z
- Søkt produksjon
- 12,20 GWh
NVE seier nei til bygging av Segadal kraftverk i Hjelmeland kommune i Rogaland. Segadal Kraft AS (SUS) får ikkje løyve av omsyn til landskapsrommet i Jøsenfjorden.
Segadal kraftverk i Segadalsåna var planlagt med ein installert effekt på 4 MW og ein årleg produksjon på om lag 12,2 GWh. NVE meiner dei negative konsekvensane i hovudsak er knytt til vassdragets verdi som eit markert landskapselement i Jøsenfjorden, samt den samla belastninga ved fråføring av vatn i eit av få attverande større urørte vassdrag ned mot fjorden i området.
Segadalsåna har to markerte løp eksponert ut mot fjorden. Ei utbygging vil etter NVE sitt syn øydelegge landskapskvalitetane ved at alt vatnet fråføres i det eine løpet og at det store delar av året berre vil renne minstevassføring i det andre. I tillegg kjem tekniske inngrep som anleggsveg og røyrgate, som vil gje varige, synlige merker og vere svært eksponert mot fjorden i et stort landskapsrom.
Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE vurderar at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til ålmenne interesser og gjev difor ikkje løyve.
Kontaktpersonar: Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf 22 95 93 89/ 901 98 216, avdelingsingeniør Kristine Naas, tlf. 22 95 97 66