Langvasselva kraftverk

Registreringsnummer
5638
Saksnummer
200805504
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
19.02.2013
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Nordland
Kommune
Rødøy
Vassdragsområde
159.521Z
Søkt produksjon
6,60 GWh

NVE seier nei til søknad frå Småkraft AS om løyve til bygging av Langvasselva kraftverk i Rødøy kommune i Nordland. Søknaden er avslått grunna store konfliktar med landskap og friluftsliv.

Langvasselva kraftverk var planlagt i vassdraget Langvasselva, som renn ut i Litlfjorden like aust for tettstaden Jektvik. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på 1,8 MW og ville gitt ein årleg produksjon på omlag 6,6 GWh med regulering av Langvatnet og 5,5 GWh utan regulering.

NVE legg stor vekt på dei tekniske inngrepa tiltaket vil medføre, og konsekvensane inngrepa vil ha for landskap og friluftsliv. NVE meiner det er klart at området har stor verdi som nærfriluftsområde for innbyggjarane i Jektvik, og at kraftproduksjon og omsynet til landskap og friluftsliv i dette tilfellet ikkje er sameinte. NVE legg òg vekt på negative konsekvensar for biologisk mangfald nedstraums kraftverket ved bygging av veg inn til kraftstasjonstomta, samt samla belasting på grunn av kraftutbygging i kommunen.

Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan vegast opp med avbøtande tiltak.

NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev på bakgrunn av dette ikkje løyve til Langvasselva kraftverk.