Hetleflåt kraftverk
- Registreringsnummer
- 5600
- Saksnummer
- 200805520
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 18.12.2014
- Tiltakshaver
- KAMBO ENERGI AS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Etne
- Vassdragsområde
- 042.230
- Søkt produksjon
- 6,00 GWh
NVE gjev Kambo Energi AS utsett byggjefrist for Hetleflåt kraftverk i Etne kommune til 07.04.2027
Hetleflåt Energi AS vil utnytte fallet i Markhuselva frå kote 600 og ned til sjøen, og overføre det vestre elvelaupet frå kote ca. 605 til inntaket. Vassvegen skal vere nedgraven heile vegen. Kraftverket vert liggjande på kote 2 med avløp til Markhuselva. Årleg middelproduksjon er berekna til ca. 6,0 GWh.
NVE har lagt vekt på at ei utbygging av Hetleflåt kraftverk vil vere eit bidrag til fornybar energiproduksjon med avgrensa verknad for miljøet. Omsynet til inngrepsfrie naturområder er vektlagt sidan tiltaket ligg i randområdet til Etnefjella med villmarksprega naturområder. NVE legg til grunn at inngrepa vil fine stad i eit anna landskapsrom og såleis ikkje forringe opplevinga av urørthet i dette fjellområdet. NVE meiner at den omsøkte utbygginga er akseptabel med omsyn til inngrepsfrie naturområder og landskap. Med føresetnad om at avbøtande tiltak vert gjennomført, for å ta vare på landskapet og det urørte preget, meiner NVE at verknadane for allmenne interesser er akseptable.
NVE vurderer at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og ålmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Hetleflåt kraftverk på nærare fastsette vilkår.