Indre Bogge kraftverk
- Registreringsnummer
- 5598
- Saksnummer
- 200805215
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Utgått/bortfalt
- Tiltakshaver
- HydroPlan AS
- Fylke
- Møre og Romsdal
- Kommune
- Molde
- Vassdragsområde
- 104.310
- Søkt produksjon
- 3,33 GWh
NVE gjev HydroPlan AS løyve til å bygge Indre Bogge kraftverk i Nesset kommune i Møre og Romsdal. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 3,3 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 165 husstandar.
Indre Bogge kraftverk i Boggeelva er planlagt med to alternative utbyggingar. Ein med overføring, og ein utan overføring av Sandvikelva. Konsesjonen er gjeve utan overføring. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på 1,5 MW (alternativt 1,2 MW) og ein årleg produksjon på drøyt 4 GWh (alternativt 3,3 GWh).
Det er registrert noko konflikt med allmenne interesser knytt til vassdraget. Både Boggeelva og Sandvikelva innehar verdfulle naturtypar og raudlista artar. Dei største verdiane er etter NVE sitt syn knytt til vassføringa i Sandvikelva og inngrep som følgje av overføringa.
Ei overføring frå Sandvikelva ville gitt sterkt redusert vassføring i Sandvikelva og store fysiske inngrep i eit sårbart terreng. Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av overføringa.
Det er registrert tre automatisk freda kulturminner i rørgatetraseen, og ved planlagt kraftstasjon finst det eit nyare kulturminne av høg verdi. Tiltakshavar må innhente dispensasjon frå Riksantikvaren dersom utbygginga skal realiserast. NVE meiner elles at med vilkår om slepp av minstevassføring og god planlegging av utbygginga kan Indre Bogge kraftverk byggjast utan nevneverdige konsekvensar på allmenta.
NVE meiner fordelane ved bygging av Indre Bogge kraftverk utan overføring av Sandvikelva er større enn skadane og ulempene for almenne og private interesser, og gjev difor løyve til bygging.