Pikstein kraftverk
- Registreringsnummer
- 5580
- Saksnummer
- 200805083,202420524
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Utgått/bortfalt
- Tiltakshaver
- CADRE ELVEKRAFT AS
- Fylke
- Troms
- Kommune
- Tromsø
- Vassdragsområde
- 198.71
- Søkt produksjon
- 4,90 GWh
Utsatt byggefrist. Ny frist er 12.04.2023
NVE gjev Bekk & Strøm AS løyve til å byggje Pikstein kraftverk i Tromsø kommune i Troms. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 5,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 280 husstandar.
I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Piksteinelva kraftverk vil vere eit bidrag til ein fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.
Pikstein kraftverk har fått løyve til å nytte eit fall på 308 meter frå inntak på 318moh. Vatnet skal førast i nedgrave røyr heile vegen frå inntaket og ned til kraftstasjonen.
Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, omsynet til reindrift, samiske kulturminne og tekniske inngrep i forbindelse med inntak og øvre delar av røyrgate. NVE meiner ulempene kan reduserast i tilstrekkelig grad gjennom avbøtande tiltak.
NVE vurderer at dei samla negative verknadene av utbygginga kan aksepterast, sett i forhold til nytten av den forventa kraftproduksjonen i Pikstein kraftverk. På bakgrunn av dette har NVE gitt løyve til bygging av Pikstein kraftverk på nærare fastsette vilkår.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 90 19 82 16
Avdelingsingeniør Solveig Silset Berg, tlf. 22 95 93 25