Vambheim kraftverk

Registreringsnummer
5577
Saksnummer
200804834
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
CLOUDBERRY DEVELOP AS
Fylke
Vestland
Kommune
Ulvik
Vassdragsområde
051.32
Søkt produksjon
7,40 GWh

NVE gir Kraftkarane AS løyve til å bygge Vambheim kraftverk i Ulvik herad i Hordaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på 7,4 GWh. Dette svarar til straumbruken til om lag 370 husstandar.

I handsaminga har NVE har lagt vekt på at ei utbygging av Vambheim kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi. Kraftverket vil etter dei framlagte planane nytte ei fallhøgd på 165 m i Vambheimselva, med inntak på kote 185 og kraftstasjon på kote 20. Tiltaket i Vambheimselva er inngrepsnært, og vil i stor grad nytte eksisterande veger. Vassvegen skal vere nedgraven heile vegen.

Konfliktane er primært knytt til moglege konsekvensar for raudlisteartar i bekkekløfta og anadrom fisk. NVE meiner at ulempene kan avgrensast ved fastsetting av vilkår som tilstrekkeleg minstevassføring og varsame inngrep i anleggsfasen.

NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gir difor løyve til bygging av Vambheim kraftverk på fastsette vilkår.