Skavlhaugelva kraftverk

Registreringsnummer
5576
Saksnummer
200804832
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
21.08.2013
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Nordland
Kommune
Bodø
Vassdragsområde
162.21
Søkt produksjon
8,10 GWh

NVE gjev Småkraft A/S avslag på søknad om å bygge Skavlhaugelva kraftverk i Bodø kommune i Nordland. Avslaget er grunngjeve med dei store negative konsekvensane for landskap, friluftsliv og inngrepsfrie naturområder.

Skavlhaugelva kraftverk var planlagt bygd i Skavlhaugelva som renn ut i Djupfjorden i den søraustlege delen av Elvefjorden ca. 7 km søraust for Saltstraumen. Det var søkt om ein installert effekt drygt 2,7 MW og ein årleg produksjon på inntil 8,1 GWh.

Fylkesmannen og fylkeskommunen har fremja motsegn mot prosjektet. NVE har vore einig i Fylkesmannens og fylkeskommunens vurderingar kring konsekvensane for landskap og INON.

NVE legg stor vekt på konsekvensane tiltaket vil medføre for landskap og friluftsliv. NVE meiner Skavlhaugelva kraftverk vil føre til uakseptable skadar på landskapet i prosjektområdet dersom det vert bygd og at det ikkje står seg i førehald til den kraftmengda som skal produserast. NVE meiner også at fråføring av vatn vil redusere verdien av to markerte fossar, og at ei utbygging vil medføre reduksjon av inngrepsfrie områder frå fjord til fjell og villmarksprega natur.

NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Skavlhaugelva kraftverk.