Storelva kraftverk
- Registreringsnummer
- 5532
- Saksnummer
- 200804021
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 12.06.2012
- Tiltakshaver
- Alta Kraftlag AL
- Fylke
- Finnmark
- Kommune
- Alta
- Vassdragsområde
- 212.1A
- Søkt produksjon
- 11,50 GWh
NVE seier nei til bygging av Storelva kraftverk i Talvik i Alta kommune i Finnmark. Alta Kraftlag a/l får ikkje løyve av omsyn til ei svært viktig fossesprøytsone som inneheld fleire raudlisteartar.
Storelva kraftverk i Talvik var planlagt med ein installert effekt på 4 MW og ein årleg produksjon på om lag 11,6 GWh, noko som svarar til straumbruken til 580 husstandar.
Grunngjeringa for avslaget er at det langs Storelva ligg ei svært viktig fossesprøytsone med A-verdi. Elvas urørthet og at det er funne fleire raudlista artar langs elva, mellom anna den truga arten øreblygmose, spiller ei viktig rolle i verdisettinga av fossesprøytsona. Vassdraget er uregulert og har god vassføring heile året og ei fråføring av vatn vi letter NVE si meining gje ein uakseptabel påverknad på naturmiljøet knyta til utbyggingsstrekkjet.
Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan avbøtast med avbøtande tiltak. NVE vurderar at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til ålmenne interesser med bevaring av nasjonalt viktige og verdifulle naturtyper og raudlistearter, og gjev difor ikkje løyve til Storelva kraftverk.