Brekkefossen kraftverk
- Registreringsnummer
- 5511
- Saksnummer
- 200803805
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 25.02.2013
- Tiltakshaver
- Brekkefossen Kraftverk AS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Fjaler
- Vassdragsområde
- 082.5Z
- Søkt produksjon
- 14,50 GWh
NVE gir ikkje løyve til bygging av Brekkefossen kraftverk i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane. Søknaden er avslått grunna store konfliktar med landskap og friluftsliv.
Brekkefossen kraftverk var planlagt med inntak 374 moh. og kraftstasjon 245 moh. i vassdraget Storelva som renn ut i Dalsfjorden. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på 5,1 MW og ville gitt ein årleg produksjon på omlag 14,5 GWh.
Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, omsynet til landskap og friluftsliv samt den samla belastninga på synlege fossar i Dalsfjordområdet. Dei fleste høyringspartane er imot utbygging.
NVE meiner at dei negative konsekvensane av tiltaket i hovudsak er knytt til vassdraget sin verdi som eit markert landskapselement i Vassdalen. Brekkefossen ligg i inngangen til eit viktig friluftsområde både lokalt og regionalt. Ei utbygging vil etter NVE sitt syn øydelegge landskapskvalitetane ved å dele fossen i to og plassere inntaket i det mest eksponerte området av fossen slik at dei tekniske inngrepa vil skape svært synlege og varige sår i terrenget. NVE meiner at kraftproduksjon og omsynet til landskap og friluftsliv i dette tilfelle ikkje er sameinte.
Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar ved ei utbygging. NVE meiner at den omsøkte utbygginga av vassdraget er i strid med OED sine retningslinjer og ikkje akseptabel i høve til allmenne interesser. På bakgrunn av dette gir NVE ikkje løyve til Brekkefossen kraftverk.