Espelandselvi kraftverk

Registreringsnummer
5510
Saksnummer
200803546
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
03.05.2013
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Vestland
Kommune
Voss
Vassdragsområde
051.3A4C
Søkt produksjon
7,50 GWh

NVE seier nei til søknad frå Småkraft AS om løyve til bygging av Espelandselvi kraftverk i Granvin kommune i Hordaland. Avslaget er grunngjeve med konsekvensane for landskap og friluftsliv.

Espelandselvi kraftverk var planlagt i Espelandselvi i Granvin kommune. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på 2,5 MW og ville gitt ein årleg produksjon på omlag 7,5 GWh.

NVE legg stor vekt på konsekvensane tiltaket vil medføre for landskap og friluftsliv. Espelandsfossen er eit landemerke og vil miste sitt verd som turistattraksjon. NVE meiner at tiltaket vil gje store inngrep i eit viktig kulturmiljø med gamle stølsbygningar og beitelandskap. NVE meiner også at fråføring av vatn vil redusere verdien av ei velutvikla fosseeng under Espelandsfossen.

NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Espelandselvi kraftverk.