Sennedalselva kraftverk
- Registreringsnummer
- 5503
- Saksnummer
- 200803265
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 31.01.2013
- Tiltakshaver
- SMÅKRAFT AS
- Fylke
- Troms
- Kommune
- Tromsø
- Vassdragsområde
- 203.3B
- Søkt produksjon
- 10,40 GWh
I heilskapsvurderinga for søknader om kraftutbygging på vestsida av Sørfjorden (Ullsfjorden) i Tromsø kommune avslår NVE søknaden frå Småkraft AS for Sennedalselva kraftverk.
NVE har i heilskap handsama søknadar på vestsida av Sørfjorden i Ullsfjorden i Tromsø kommune i Troms. Bakgrunnen for dette er å kunne gjere ei samla vurdering av konsekvensar som først kjem fram når sakene blir sett i samanheng.
Sennedalselva kraftverk var planlagd med ein installert effekt på 3,85 MW og ein årleg produksjon på 10,4 GWh.
NVE kan ikkje sjå at dei foreslåtte avbøtande tiltaka for utbygging av Sennedalselva kraftverk i tilstrekkeleg grad og med stor nok sikkerheit vil ivareta verdiane for reindrifta som er knytt til Sennedalselva. NVE meiner difor at tiltaket er i strid med Olje- og energidepartementet (OED) sine retningslinjer for utbygging av kraftverk.
Sjølv om tiltaket vil gi positive verknader gjennom noko auka kraftproduksjon og lokal verdiskaping, meiner NVE at desse fordelane ikkje veger opp for dei nemnde ulempene.
NVE har på denne bakgrunn avslått Småkraft AS sin søknad for Sennedalselva kraftverk.
Saka er nært knytt til dei andre sakene i Sørfjorden (Ullsfjorden),som no har fått NVE sine tilrådingar i oversending til OED.