Nyasetdalen kraftverk

Registreringsnummer
5502
Saksnummer
200803245
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
Sognekraft AS
Fylke
Vestland
Kommune
Vik
Vassdragsområde
071.1Z
Søkt produksjon
6,66 GWh

Løyve til Nyasetdalen kraftverk i Vik kommune

NVE gir Sognekraft AS løyve til å bygge Nyasetdalen kraftverk i Vik kommune i Sogn og Fjordane. Vasskraftverket vil få ein årleg produksjon på 6,6 GWh, som svarar til straumbruken til rundt 330 husstandar.

Nyasetdalen kraftverk vil nytte ei fallhøgd på 300 meter mellom 770 moh og 470 moh i Nyasetelvi. Vatnet skal førast til kraftstasjonen i nedgrave røyr, med ei elvekryssing i røyrbru. Frå kraftstasjonen skal vatnet sleppast direkte i eit bekkeinntak til planlagde Feios kraftverk.

Den viktigaste problemstillinga i saka er slik NVE ser det, omsynet til landskapet og friluftsinteressene i området. NVE meiner at dette er teke omsyn til ved plassering av inntaket, og slepp av heilårs minstevassføring. Minstevassføring er òg viktig av omsyn til fossekall.

NVE vurderer at dei samla negative verknadene av utbygginga kan aksepterast, sett i forhold til nytten av den forventa kraftproduksjonen i Nyasetdalen kraftverk. På bakgrunn av dette har NVE gitt løyve til bygging av Nyasetdalen kraftverk på nærare fastsette vilkår.

 

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Carsten Jensen, tlf. 22 95 92 90
Senioringeniør Laila P. Høivik, tlf. 22 95 92 67