Haugvikelva kraftverk

Registreringsnummer
5498
Saksnummer
200802901
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
09.11.2012
Tiltakshaver
Nord-Norsk Småkraft AS
Fylke
Nordland
Kommune
Rødøy
Vassdragsområde
159.212
Søkt produksjon
3,40 GWh

NVE seier nei til søknad frå Nord-Norsk Småkraft AS om løyve til bygging av Haugvikelva kraftverk i Rødøy kommune i Nordland. Avslaget er hovudsakeleg grunngjeve i konsekvensane for landskapet.

Nord-Norsk Småkraft AS har søkt om å bygge Haugvikelva kraftverk med ein installert effekt på 1 MW og ein årleg produksjon på om lag 3,4 GWh.

Haugvikelva renn bredt over bart fjell, og er synleg i eit større landskapsrom. I øvre del av området vil framføring av røyrgate krevje omfattande sprenging og røyret vil vanskeleg kunne tilpassast landskapet på ein god måte. Det er søkt om ein veg i slynger opp lia til inntaket. NVE meiner at redusert vassføring i Haugvikelva, inngrep forbunde med røyrgata og vegen opp til inntaket vil vere negativt for landskapet. Prosjektet vil og ha negative konsekvensar for reindrifta i området. Alle dei negative konsekvensane må veias opp mot dei positive konsekvensane i form av ny fornybar energi og samfunnsmessige verknadar som følgje av inntekt. Med ein realistisk minstevassføring for prosjektet vil årleg gjennomsnittleg produksjon bli mindre enn dei 3,4 GWh som søknaden tek utgangspunkt i. Samla sett meiner NVE at den produserte krafta vil vere for liten til å kunne veie opp for dei negative konsekvensane som kraftverket vil ha for ålmenne interesser, og gjev difor ikkje løyve til Haugvikelva kraftverk.