Rapfossan kraftverk
- Registreringsnummer
- 5488
- Saksnummer
- 200802426
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Utgått/bortfalt
- Tiltakshaver
- Altin Kraft AS
- Fylke
- Trøndelag
- Kommune
- Namsos
- Vassdragsområde
- 138.3Z
- Søkt produksjon
- 5,20 GWh
Utsatt byggefrist. Ny frist er 13.01.2022
NVE gjev Altin Kraft AS løyve til å bygge Rapfossan kraftverk i Namdalseid kommune i Nord-Trøndelag. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 5,2 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 260 husstandar.
Kraftverket er planlagt med installert effekt på 1,9 MW. Utbygginga vil nytte eit fall på 77 meter og vil føre til at ei elvestrekning i Oksdøla på om lag 900 meter får redusert vassføring. Det vil òg bli noko vegbygging.
Det er ikkje påvist raudlista artar, men det er registrert rikmyrsområder i tiltaksområdet. Nedre deler av Oksdøla er lakse- og sjøørretførende. Oppgangshinder ligger om lag 1 km nedstrøms kraftstasjon. Tiltaket ligg i eit område med reindrift.
NVE legg vekt på at tiltaket vil gje om lag 5,2 GWh årleg ny fornybar energi. Av omsyn til vasstilknytta organismar og anna biologisk mangfald på utbyggingsstrekninga har NVE fastsett ei minstevassføring på 150 l/s heile året. Det er òg krav om installasjon av automatisk forbisleppingsventil.
Etter NVE sitt syn er utbygginga med dei avbøtande tiltaka akseptabel i høve til private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til Rapfossan kraftverk på fastsette vilkår.