Nedre Vikdal kraftverk

Registreringsnummer
5446
Saksnummer
200802168
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
LOCUS HYDRO PROSJEKT AS
Fylke
Nordland
Kommune
Vefsn
Vassdragsområde
151.2Z
Søkt produksjon
6,10 GWh

Utsatt byggefrist. Ny frist er 14.02.2023

 

NVE gjev løyve til å bygge Øvre og Nedre Vikdal kraftverk i Vefsn kommune i Nordland. Øvre og Nedre Vikdal kraftverk vil få ei samla årleg produksjon på om lag 17 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 850 husstandar. NVE gjev ikkje løyve til å bygge Midtre Vikdal kraftverk.

Fjellkraft AS har søkt om å bygge 3 kraftverk i Vikdalselva; Øvre, Midtre og Nedre Vikdal kraftverk. NVE har handsama dei tre søknadane saman for å kunne foreta ei heilskapleg vurdering av konsekvensar dersom alle kraftverka vert bygd.

For Øvre Vikdal kraftverk er det gjeve løyve til å nytte eit fall på 257 m frå inntak på kote 478. Vassvegen skal gå i tunnel. Utbygginga vil medføre tap av INON-arealer, men NVE meiner at dei positive konsekvensane av ny fornybar energi veger opp for denne ulempa. Kraftverket vil få ein installert effekt på 3,8 MW og vil produsere om lag 11 GWh årleg.

For Nedre Vikdal kraftverk er det gjeve løyve til å nytte eit fall på 48 m frå inntak på kote 73 til kraftstasjon på kote 25. Kraftstasjonen skal ligge oppstraums anadrom strekning i Vikdalselva. Kraftverket vil få ein installert effekt på 2,1 og vil produsere om lag 6 GWh årleg.

Ei realisering av Midtre Vikdal kraftverk vil redusere vassføringa på ei strekning av Vikdalselva der naturtypane bekkekløft (B-verdi) og fossesprøytsone (A-verdi) er registrert. Redusert vassføring vil ha negativ konsekvens for naturtypane. NVE har vurdert at dette vil vere i strid med OEDs retningslinjer for små vasskraftverk. Vi meiner ikkje at dei positive konsekvensane av ny fornybar energi veger opp for ulempene for dei registrerte naturtypane. Derfor har NVE ikkje gjeve løyve til bygging av Midtre Vikdal kraftverk.