Mølska kraftverk

Registreringsnummer
5444
Saksnummer
200805486
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
16.12.2011
Tiltakshaver
NORDKRAFT PROSJEKT AS
Fylke
Trøndelag
Kommune
Stjørdal
Vassdragsområde
124.C1Z
Søkt produksjon
12,70 GWh

Fjellkraft AS får ikkje byggje småkraftverk i elva Mølska i Stjørdal grunna konflikt med nasjonale laksevassdrag.

Fjellkraft AS har søkt NVE om løyve til å nytte eit fall mellom kote 351 og kote 78, alt. kote 110, i elva Mølska i Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på 4,7 MW, noko som ville gje ein årleg produksjon på omlag 12,7 GWh. Det svarar til den årlege straumbruken til rundt 635 husstandar. NVE sitt avslag byggjer på tiltaket sin konflikt med gyte- og oppvekstområde for laks og sjøaure i eit nasjonalt laksevassdrag. I slike vassdrag skal ein ikkje setje i verk tiltak som kan gje nemneverdig negativ påverknad på laksebestanden. NVE meiner at tiltaket vil føre til nemneverdig negativ påverknad på laksebestanden Vi kan ikkje sjå at det er mogeleg å avbøte skadane med tiltak. Bygging av Mølska kraftverk er etter vår vurdering i strid med beskyttelsesregimet for laks i eit nasjonalt laksevassdrag. NVE gjev difor ikkje løyve til bygging av Mølska kraftverk.