Tennvasselva kraftverk

Registreringsnummer
5408
Saksnummer
200801134
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
27.02.2014
Tiltakshaver
Nord-Norsk Småkraft AS
Fylke
Nordland
Kommune
Hamarøy
Vassdragsområde
170.30
Søkt produksjon
6,60 GWh

NVE seier nei til søknad frå Nord-Norsk Småkraft AS om bygging av Tennvasselva kraftverk i Hamarøy kommune i Nordland. Avslaget er grunngjeve med konsekvensane for viktige krigsminne.

 

Nord-Norsk Småkraft har søkt om å byggje Tennvasselva kraftverk. Det var planlagt å nytte eit fall på 330 meter i Tennvasselva med med inntak ved Tennvatnet og kraftstasjon ved Kjerringvatnet. Vassvegen var planlagd som røyrgate i dagen nær heile vegen. Kraftverket ville ha produsert omlag 6,6 GWh årleg.

NVE meiner at negative konsekvensar for viktige krigsminne ikkje står i høve til auka kraftproduksjon eller andre positive verknader av ei utbygging. NVE meiner òg at verknader for reindrift, friluftsliv og landskap er omfattande. NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser, og gjev difor ikkje løyve til Tennvasselva kraftverk.