Kalvebakkelva kraftverk

Registreringsnummer
5400
Saksnummer
200800970
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
12.04.2013
Tiltakshaver
Småkraft AS
Fylke
Troms
Kommune
Tromsø
Vassdragsområde
198.72
Søkt produksjon
10,00 GWh

NVE seier nei til søknad frå Småkraft AS om løyve til bygging av Kalvebakkelva kraftverk i Tromsø kommune i Troms. Avslaget er grunngjeve med konsekvensane for reindrift, biologisk mangfald, landskap og friluftsliv samt dei tekniske inngrepa tiltaket vil medføre i eit høgfjellsområde.

Kalvebakkelva var planlagt i vassdraget Kalvebakkelva, som renn ut i Ramfjorden i Tromsø kommune. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på 3,1 MW og ville gitt ein årleg produksjon på omlag 10 GWh.

NVE legg stor vekt på konsekvensane tiltaket vil medføre for reindrift. Tiltaket kan få betydelege konsekvensar for særverdiområder, i dette tilfelle viktig kalvingsland. Vi meiner det er klart at området er spesielt for regionen og at ei utbygging kan føre til ei endring av det rike artssamfunnet og føre til at regionalt sjeldne mosar kan forsvinne. NVE meinar det vil være viktig å ta vare på dette artsrike området og har tillagt dette stor vekt. NVE meiner tiltaket vil føre til store og varige sår i eit høgfjellsområde, og har også tillagt dette stor vekt. Fråføring av vatn på utbyggingsstrekninga vil óg redusere Kalvebakkelvas verdi som lokalt landskapselement.

Etter NVE sitt syn har tiltaket negative konsekvensar på mange områder. NVE meiner at desse samla sett ikkje står i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan vegast opp med avbøtande tiltak.

 

NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Kalvebakkelva kraftverk.

 

Kontaktpersonar:

 

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 90 19 82 16

 

Avdelingsingeniør Solveig Silset Berg, tlf. 22 95 93 25